Abandoned.







Her er nokre bilete eg har teke i eit gammalt, ubebudd hus i Jostedalen. Eg likar så godt å ta bilete i slike hus.

Ha ein fin kveld ♥

Oppskrift-onsdag

Heihei!
I dag laga eg ein suppe med blant anna kokosmelk, karri og svinekjøt til middag, og sidan den blei så vellykka vil eg dele oppskrifta på den. Eg såg ikkje på noko oppskrift sjølv, då måla er ikkje heilt eksakte, men her kjem det:

♡ ca 1 boks kokosmelk  ♡ 0,5 dl melk  ♡ 0,5 dl vatn ♡ 1 terning grønnsaksbuljong ♡ 400 g strimla svinekjøt eller kylling

♡1 vårløk ♡ ca ein halv paprika ♡ 1 boks mais ♡ eit eple ♡ karri

Slik gjer du:
1. Steik kjøtet
2. Del vårløk, paprika og eple i små bitar
3. Kok opp kokosmelk, melk og vatn med buljongen
4. Tilset vårløk, paprika, eple og mais, lat det småkoke i ca 5 minutt
5. Tilset kjøtet mot slutten av koketida
6. Smak til med karri og evt. litt salt

Håpar det smakar!

♡ May-Tone

Monday

Mandag. Regn. Haust. Skule. Valdag.

Dette oppsummerer i grunn det denne dagen inneheld. I løpet av dei siste dagane har eg merka stor forskjell - det har plutseleg blitt haust. Temperaturen synk om natta, det er kjøleg sjølv om det er sol, og det er mykje meir regn. I dag regnar det til den store gullmedaljen, og det er surt og grått. Men i dag har eg mykje å gjere på, så det gjer meg ikkje så mykje om det er litt regn. På skulen er me fullt i gong med arbeidskrav og andre oppgåver, og det er alltid noko ein må gjere - anten det er lesing eller matteoppgåver ein må løyse. Men eg må sei at eg likar det. Det var godt å starte att på skulen etter lang sommarferie, og eg trivst mykje betre med rutinar og fast opplegg. Då får eg meir orden på ting.

 

Mandag er ein ganske hard dag for mange - ein startar opp etter helga, må gjerne opp tidleg og har mykje å gjere. Eg synest at mandagar er ganske ok likevel eg. Helgene hadde vel ikkje vore like gode om me ikkje hadde mandag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Det er kvardagar det er flest av, og me må lære oss å like dei. Tenk kor mykje lettare veka blir om ein gledar seg til kvardagane og!

Så no slår eg eit slag for kvardagen - nyt den med god musikk, god mat, og masse godt arbeid! (og så er det berre fem kvardagar att før det er helg att..)

♥ May-Tone

Autumn.

På fredag fekk eg for første gang i år ein skikkeleg haustfølelse. Det var litt regn i lufta og litt kaldt, og det kjendest ut som ein skikkeleg haustdag. Eg kjenner at eg gledar meg til at hausten kjem for fullt. Gode, varme gensarar, kveldar me fyr i peisen og ein kopp kakao, levande lys, film i halvmørket, regntunge dagar.. For all del, sommaren er ei utruleg fin årstid med fine og lange dagar, men hausten er ein av dei koslegaste årstidene i mine auge.



Bilda er lånt frå www.weheartit.com

Ha ein fin dag ♡

Fresh start.

Eg har lenge hatt tankar om å sjå litt på bloggen att. Den har ikkje vore aktiv på to år, og kanskje det kan vere på tide å gjere noko med det. Så no skal eg då prøve på nytt - kanskje litt meir fokus på andre ting enn foto denne gongen. Ein ny start fortener ein ny presentasjon av meg - eg har tross alt forandra meg litt på to år, og no har eg andre interesser og prioriteringar i livet.

Eg heiter May-Tone, og eg er i skrivande stund 20 år gammal. Eg er ei livsglad og positiv jente frå Luster - ein plass mellom høge fjell og djup fjord, med fantastisk natur rett utanfor døra - og eg likar godt å gå i fjellet, ta bilete, lage mat og synge. Eg har nyleg (snart 6 mnd sidan) flytta inn i leilighet med sambuaren min, og bloggen vert gjerne prega av det frå tid til annan. Denne bloggen blir ein plass der eg kan skrive litt om det som interesserer meg og legge ut bilete eg tek. Så får me sjå kor lenge interessa for blogging held seg denne gong!

 

Håpar du vil stikke innom bloggen og sjå litt av det eg driv med!

 

♥ May-Tone

bilete




London

London Eye

 

I ♥ London

 

Big Ben

 

Regent's Park

 

Portobello Road

 

London Eye & Big Ben




ut på tur



 

Fjelltur




Påske. Easter. Pasqua. Pascha.













1. mars 2013





På glattisen







søndag 13. januar

 



Godt nyttår!



Håpar alle får eit fint år! :)

30. desember 2012




Winter wonderland






2. søndag i advent

Endeleg kom snøen! gjekk ein tur i dalen, og tok nokre bilete. Håpar du likar dei :))







dream catcher

Må berre skryte av mine fantastiske skills når det kjem til tegning.. nei, har aldri vore flink til å tegne, men blei faktisk litt fornøgd med denne! 



01.12.2012

quotes

- If you love someone tell them because hearts are often broken by words left unspoken.

- Missing someone isa horrible feeling, but knowing they don't miss you back is so much worse.

- I want to ask you how you feel about me. But I never do, because I am afraid I might not like what you have to say.


- When nothing goes right, go left.

Broken



Den kjempeflinke fotografen Andrea som tok dette bildet ♥

♥  May-Tone

Bildedryss







Kva tykkjer du om bileta? :)

♥  May-Tone

Far away



♥ ♥ ♥ 

Ferie

Hei! Hadde ein fin tur til Kiel frå fredag til søndag. Her er nokre av bileta eg tok :)









Har du hatt ein fin ferie?

♥  May-Tone

Ein fin dag





♥  May-Tone

Bildedryss

Forrige helg var det så fint vêr at me bestemte oss for å ta ein dagstur til hytta vår. 

Broren min som tok av meg :)









 

I dag var det ikkje så fint vêr, men eg tok meg ein liten tur ut og tok bilde..









Kva tykkjer du om bilda? :)

♥  May-Tone

 Legg med sangane, fordi eg tykte dei var fineee :))

  

bestfriend

♥♥♥

Haust



































Kva tykkjer du om bileta? Ein favoritt? :)

♥  May-Tone

Life's a climb, but the view is great

Hadde ein fin tur opp til Turtagrø i går kveld. Det var ganske mørkt, men sisan eg hadde med stativ gjekk det fint å ta bilete :)



Elskar det sitatet!

Var heilt nydeleg der oppe!

Kva tykkjer du om bileta? :)

♥  May-Tone 

Ein heilt vanleg dag på skulen

Hei!

Har hatt ein driitkul dag i dag! Me fekk vere pressefotografar då kronprins Håkon besøkte skulen i fornindelse med Global Dignity Day! :D Me fekk teke mange bilete, og etterpå fekk me helst på han og me tok eit bilete saman med han! Eg blei pittelitt startstruck og det ser du ganske godt på dette biletet her:

hehhe, er ikkje kvar dag ein møter kronprinsen (a)

Så lurer eg på, er det noko du vil ha meir av på bloggen? Eller noko eg skal gjere annleis?

♥  May-Tone

Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Mai 2013
hits